–Sidan dette er den einaste maratonen på Søre Sunnmøre er det mange frå denne delen av fylket som gler seg ekstra mykje til nettopp denne maratonen, seier arrangørane i ei pressemelding, som ventar om lag 100 deltakarar i år. Men tradisjonen tru kjem det også mange løparar både frå Sunnmøre og Nordvestlandet elles, i tillegg til andre nasjonale og internasjonale deltakarar.

Skifta trasé i 2014

Tidlegare gjekk løypa frå Runde til Hareid, medan halvmaraton starta i Indre Herøy. Men fordi dette vart for trafikkfarleg, har løypa sidan 2014 gått innanfor Hareid sine kommunegrenser. Den nye løypa startar ved Hareid stadion, går vidare via Hareidsmyrane framover Rotarystien, deretter rundt (nesten heile) Snipsøyrvatnet, før ho går i Grimstadvatnet rundt-traseen tilbake til Rotarystien (det vil seie frå Røyset via Kvitholvegen og etter kvart langs Hareid kyrkje), før det heile blir avslutta på Hareid stadion. Dei som spring heilmaraton skal gjennom denne løypa to gonger.

Fin løypetrasé

Løypa blir rekna for å vere noko hardare enn både Ålesund maraton og Hornindalsvatnet maraton, dei to som ligg geografisk nærast Nordvest maraton. Spesielt kan det gå litt tungt opp Ulsetbakken, men løypa er heller ikkje hardare enn at fleire set personlege rekordar her. Uansett er det rikeleg med drikkestasjonar i løypa. Og den idylliske naturen løypa går i er det neppe nokon andre maratonar i Norge som kan slå, meiner dei subjektive arrangørane bak Nordvest maraton.

Dei beste tidene

Ingen har sprunge heil distanse kjappare enn Helge Hafsås frå Olden. Han fekk tida 2.33.03 i 2006. Det var altså i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner vart sett i fjor. Louise Skak fekk då tida 3.20.51. Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i 1991 (første året løpet var arrangert) slo til med tida 1.09.35.

Mange premiar

Informasjon for påmelding ligg på Nordvest maraton si heimeside, og ein kan melde seg på nesten heilt fram til starttidspunktet. Nordvest maraton-general er i år som tidlegare Vidar Vollsæter. Elles i styret sit Kim Lillebø, Bjarte Sunde, Jon Kåre Mork, Henning Røyset og Kristian Angelsen. Ein del andre er også involverte på andre måtar. Mellom anna blir Leiv Arne Grimstad speaker – som så mange gonger før.

Styret i Nordvest maraton: Frå venstre: Kim Lillebø, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Jon Kåre Mork, Vidar Vollsæter og Kristian Angelsen. Foto: Nordvest maraton/Hareid IL

–Ein må ikkje vere topptrimma for å delta i Nordvest maraton, dette er også for dei som ynskjer å utfordre seg sjølve. Det blir premiar til vinnarane, i tillegg til vanleg tredjedelspremiering i dei ulike klassane. Gåvepremiar trekt ut etter startnummer blir det også, og alle får deltakarmedalje, avsluttar arrangørane i Hareid IL.