-Vi inviterte raudrussen frå Herøy og borna i 4. klasse ved Bergsøy skule hit til mottaket for mindreårige flyktningar, til ein lokal dugnad for bygda. Alle fekk ein kjekk kveld ilag, fortel Lilly Arlèn Larsen, mottakssleiar ved Fosnavåg EM.

Herøy: Her blir 350 godteposar til 17.mai pakka. Foto: privat

På mottaket bur det no 19 gutar mellom 15 og 17 år, og mottaksleiar Lilly Arlèn som kom med denne ideen, fortel at dette vart ei meget positiv oppleving for alle partar.
-Det var kjempeflott av russen å seie ja og kome hit, og for borna var det stor stas å få vere ilag med ungdomen. Vi vil jo gjerne få fram at det er lov å kome på besøk hit til mottaket, og prøver å ta ned terskelen for nettopp det.

Borna i fjerde klasse blei invitert på grunn av at foreldra til dette årskullet sit i 17. mai-komiteen. Bebuarane på mottaket skal også delta på sjølve 17. mai-feiringa. Pakkinga av dei 350 godteposane vart gjort i fei denne dugnadskvelden, og skal brukast som premiar når det blir arrangert 17. mai-leikar ved Herøy kulturhus på sjølvaste nasjonaldagen.

-Dette fungerte bra og var kjekt for alle partar, så vi håpar at dette kan bli gjort igjen neste år også, avsluttar Lilly Arlèn.