Ulstein Arena opnar i morgon, og endeleg kan innbyggjarane få gå inn og kike på eigenhand. Ulstein Arena inneheld splitter ny symjehall, klivrehall, bibliotek, idretthall og parkeringshus.

Les meir:

Meir enn ein idrettsarena

Julemarknad og sildafest

Samstundes blir det for tredje året på rad julemarknad både inne og utanfor Blåhuset. I denne samanheng kjem også Sildakongen til Amfi Ulsteinvik for å by på gratis sildamåltid. Sildakongen seier fylgjande:

–I samarbeid med Amfi-senteret inviterer eg heile folket til eit Sildakongens Grand Royal Sildabord. Sildabordet er full middag med varme poteter og alt tilbehør. Fem ulike sildasorter. Dette blir ein kjekk Sildafest som det kjem til å gå gjetord om lengje!