Kva har kunstmålaren i det hemmelege skrinet som han passar så godt på? Det er tunkatten Lurivar veldig nyfiken på, og han pønskar ut ein lur plan for å få tak i skrinet. Kva som er oppi, får alle  greie på når musikkteaterstykket Lurivar og det hemmelege skrinet blir spelt i salen i Ivar Aasen-tunet laurdag 1. juli.

Kunstmålaren er veldig glad i illustrasjonane i dei bildebøkene som Lurivar har med seg. Ikkje berre det, han kan lage nye illustrasjonar òg, så lett som berre det. Saman med borna leikar Lurivar og kunstmålaren med ord, bilde og musikk om einannan.

Festspeldiktar Lars Mæhle har skrive forteljinga om Lurivar og kunstmålaren. Han har også skrive songane i framsyninga, og songaren og komponisten Beate Lech frå Volda har laga musikken. Det er skodespelar og songar Lykke Kristine Moen som spelar Lurivar. Kunstmålaren blir spelt av Vegar Hoel, som både er skodespelar og biletkunstnar. Framsyninga er laga for 1. til 4. klasse men passar også for dei som er litt yngre.

KAKERLAKKEN: skodespelar Ragne Grande fortel historia om Kakerlakken og vennen hennar.

Kakerlakken med den stygge frakken

Fredag 30. juni fortel skodespelar Ragne Grande historia om Kakerlakken og vennen hennar. Den vesle Kakerlakken er lykkeleg når det er sommar. Men så kjem hausten, sola blir borte og tomheita kjem smygande og stel glede og farge. Då blir Kakerlakken redd – redd for å blø og redd for å døy, men på same tid redd for å leve.

Det er animatør og illustratør Martine Grande, som bur i Volda, som har laga boka «Kakerlakken med den stygge frakken».  Ho har sjølv sagt at depresjon og triste tankar hos barn er eit av dei siste tabua i samfunnet vårt. Kakerlakken kjenner seg åleine med frykta og dei triste vintertankane sine, men så møter ho nokon som lærer henne at det finst lyspunkt om vinteren òg.

Etter forteljestunda i uteamfiet i Aasen-tunet blir det aktivitetar for barna. Arrangementet høver for barn i alderen 3-6 år.