For å varme opp til den store dagen slepp Beady Belle ein ny musikkvideo til låta «Dear Hope» som er henta frå det kritikarroste albumet «On My Own».

– Gregory Porter, Jamie Cullum og Beady Belle – alle er vi i eit skjeringspunkt mellom jazz, pop og soul. Vi leikar rett nok på tre ulike måtar i denne kryssinga, men likevel er vi i slekt. Det er herleg å vere ein del av eit slikt trekløver denne sommarkvelden. Eg trur vi vil utfylle kvarandre heilt perfekt. 

Jamie Cullum har eg jobba med ved fleire høve – både på plate og live, men Gregory Porter blir eit nytt kjennskap. Det blir spanande – eg gler meg! fortel Beate Lech om konserten.

Musikkvideoen til «Dear Hope» som vert sleppt torsdag 10. august er laga av Anders Nilsen.
Albumet «On My Own», som «Dear Hope» er henta frå, blei sleppt i fjor og fekk glitrande mottaking.