Visesongar og songdiktar Stein Torleif Bjella har alt laga fire album. Det har vist seg at nasjonen har eit stort, umetta behov for god-melankolske songar om vanlege folk som strir med vanlege problem og ikkje har så lett for å snakke om dei.

Bjella er frå Ål i Hallingdal og tok meldarane med storm alt med det første albumet med køntri-inspirert viserock på dialekt. Han fekk Edvard-prisen for tekstane på det førre albumet, Heim for å døy, og i 2015 blei han jamvel heidra med «Pris for god offentleg målbruk» av Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Bjella meiner sjølv at nynorsken er ideell for hallingar, for då kan dei skrive som dei snakkar.

I songane sine får Bjella fram eit heilt særmerkt univers, befolka av rollefigurar som nokon kvar har møtt ein eller annan gong, dei som prøver å finne ut av kjærleiken og livet elles, men som blir hindra på ulike vis. Det er så mange gode historier i Bjella sine tekstar at Det norske teateret tidlegare i år laga ei musikkteaterframsyning basert på persongalleriet frå songane hans.

Då Bjella sist gjesta Festspela, i 2012, hadde han nettopp gitt ut plata Vonde visu. Den nye plata hans, som kom i fjor haust, har tittelen Gode liv.