Det er kunstnaren Vibeke Slyngstad som skal lansere si bok ”Paintings 1992 – 2007” i Studio Hugo Opdal Project Space i Ålesund. Ho stiller også ut nye trykk og teikningar.

Boka handlar om heile Vibeke Slyngstad si karriere, frå debuten på haustutstillinga i 1992 og fram til i dag. Den kjende italienske forfattaren Demetrio Paparoni har vore redaktør for boka.

Slyngstad vaks opp i Ålesund og har for tida si største separatutstilling i karrieren ved Haugar Vestfold Kunstmuseum i Tønsberg. Ho deltek også på ei internasjonal kollektivutstilling i Milano, saman med mellom andre Dana Schutz, Michael Borreman og Wilhelm Sasnal.

Studio Hugo Opdal Project Space ligg i Norges smalaste bygard, og innvendig måler den freda bygningen berre 2,21 meter. Opdal har sidan 2007 drive Studio Hugo Opdal på Flø i Ulstein. Galleristen kallar det nye lokalet i gågata midt i jugendbyen for sitt distriktsgalleri.