Av Svein Nordal

Det seier Magne Nærø. Den 68 år gamle tidlegare skipsingeniøren har historie som hobby, og har kartlagt alle småøyar og holmar i Herøy kommune – holmar og nærast skjer som no er fråflytta, men der det tidlegare budde familier – kanskje med ei einaste mjølkeku og nokre få sauer.

–Eg har pløygd gjennom det som finst av bygdebøker frå Herøy, og slik laga eit kart som eg legg ut på nettet. Det blir jo lettare tilgjengeleg slik.

–Og kor mange tidlegare bebudde holmar og småøyar har du funne?

–31 til no – men eg kan på ingen måte garantere at lista er komplett. Eg ”oppdaga” nemleg ei ny øy i går – Litleøya. Akkurat no når du ringde, heldt eg på å skaffe meir oversikt over når øyane vart fråflytte. Så prosjektet held fram, seier Nærø.

Klikk på dei blå symbola for å få informasjon om kvar enkelt holme.
Klikk på + og – for å forstørre/forminske kartet. Vil du ha kartet på fullskjerm, klikk på firkant-symbolet øverst til høgre på kartet.

–Ja, og det var som nemnt på 1800-talet at det var ”verst”?

–Ja, fattigdommen var jo enorm. Nesten alle i Norge livnærte seg som bønder eller fiskarbønder, og all god jord var oppteken. Det var nok då folk av rein naud busette seg på holmar her i havgapet og på utilgjengelege fjellhyller inne i fjordane. Industrialiseringa og utvandringa til Amerika endra jo på dette, og dei aller fleste av småholmane var ubebudde då vi gjekk inn i 1900, seier Nærø.

Som fortel at ein familie på ein holme hadde ei einsam mjølkeku i kjellaren på våningshuset, og ei leige-familie som budde på eit rom eller to.

–Ofte vaks det ikkje nok gras på småøyane og holmane til å livnære krøtera, og då rodde holmebuarane til utilgjengelege strender og klatra opp i fjellet og slo – der ingen andre slo graset. Eit døme er nordsida av Bergsøya, der dei slo høgt oppe på fjellhyller og kasta graset utfor stupa og ned mot færingane.