Av Svein Nordal

Første gong publisert 26/2-14

  • Chasm frå Volda er eit av dei lokale banda som har prøvd seg i det store utland. I 2011 turnerte bandet Kina. Bandet sprang ut av musikkmiljøet i Volda, og sentrale medlemmer er Bjarte Øvregård frå Bjørkedalen og Hans Robert Bondhus frå Ørsta. Frå 2009 var dei eit svært aktivt liveband, var første gong å høyre på plate i september 2010 med ”Cacaphonic EP”, og våren 2012 kom debutalbumet ”They”. Bandet har spelt på mange rockfestivalar rundt om i landet.
  • Stingray

    Stingray: Eit av banda som vart starta på ungdomsklubben Kaihuset i Ørsta rundt 2000. Medlemmer er Jo Sindre Ertresvåg, Kåre Myklebust, Tore Ørstavik og Kenneth Busch.

  • Amuse: Eit av dei få banda i dagleg drift i Ørsta/Volda no. –Vi er i ferd med å byggje oss nytt øvingslokale, og satsar på å marknadsføre musikken vår på nettet, seier bassist og vokalist Mathias Blichfeldt. Andre medlemmer er Thomas Vinjevoll, Henrik Blichfeldt og Tore Ørstavik. – Då vi byrja for nokre år sidan, var det femten band som øvde kontinuerleg i Ørsta/Volda. No kjem eg på berre fire i farta. Dei andre er meir prosjektband, seier Blichfeldt.
  • Fatty Sunroad

    Fatty Sunroad vart starta i studentmiljøet i Volda i 2008, og var basert rundt vokalistane Aleksander Goksøyr frå Herøy og Malin Ørsal. Bandet gav ut ei plate våren 2012, innspelt i studioet til TNT-gitaristen Ronnie Le Tekrø. Bandet rakk også å lage cupfinalelåt for AaFK, spelte for kronsprinsparet og heldt ei rekkje konsertar før avskilskonserten på Rokken i Volda i oktober 2012.

  • Feedback

    Feedback var svært aktive på starten av 1990-talet. Ørstabandet var grunsj-inspirert, skreiv eigne låtar og hadde lokal fanskare. Medlemmer var Ole-Johnny Kvalsund, Roar Ose Ytrestøl, Idar Ose og Frode Sundnes.

  • Necretion

    Necretion: Ungt og hardtstlåande metal band frå Volda. Bandet vart starta i 2011, og består av John Andre Aarsbog, Jon Anders Orlien, Olgeir Myklebust, Marius Fjørtoft og Sivert Hjelle.

  • Kolabruise

    Plym/Kolabruise er eit langtlevande band frå Ørsta. Starta allereie rundt 1990, og framleis aktive. Medlemmer er Stig Amdam (gitar/vokal), Arnfinn Velle (gitar), Håvard Krøvel-Velle (bass) og Geir Arne Ose (trommer). Bandet spelar riffbasert, sjølvskriven rock, og kjem i følgje bassist Krøvel-Velle med album seinare i år. –Eit høgdepunkt hittil var det då vi vart spelte på P3 med legendariske Harald-Are Lund, seier bassisten.