I helga 11.-13. august er det på nytt klart for å arrangere Trandal Countryfestival, programmet er spikra og flotte artistar frå inn- og utland kjem for å underhalde.

– ­Vi gler oss over underhaldningspakken vi har sett saman, seier arrangørane Lenita Storeide og Siv Astri Erlandsen på Christian Gaard Bygdetun på Trandal i Hjørundfjorden.

– Trandal er unik arena for å presentere denne musikksjangeren. Kulissane her ute er fantastiske å kople saman med denne musikken. Grunnleggjaren Frank Storeide hadde nok countrymusikken og festival i tankane når han bygde opp denne staden, seier Erlandsen.

Artistane som skal opptre i år er:

  • Linda og Peter Dahl (Sverige)
  • Cindy Kvinlaug (Noreg)
  • Max T Barnes (USA)
  • Niklas  Lazukic (Sverige)
  • Lisbeth Hauge (Noreg)
  • BIG-B (Noreg)
  • Get Rhythm (Noreg)
  • J.A. Ytterland (Noreg)
  • Sivert Bjørdal  (Noreg).

Max T. Barnes frå USA

Trandal  Countryfestival  er svært stolte og glade for å ha fått den Amerikanske  Max T. Barnes til Trandal.

Barnes er eit svært kjent namn i amerikansk countrymusikkindustri. Han er kjend som ein svært god songar og musikar som har spelt med dei fleste artistar innan sjangeren. Han er også musikkprodusent og har sitt platestudio midt i «Music row» i Nashville.

Artistane vert backa av to husband: «Hessy’s Countryband» frå Sverige og «Sivert Bjørdal Band». Desse  er sett saman av musikarar plukka frå øvste hylle. Årets programleiar er Tore Håland frå «Norsk Country Radio».

Det vert også gratis linedancekurs med «Cow Valley Linedancer», og Westernbutikk med sal av cowboyhattar , skjorter og anna på området.

Båthavna på Trandal er klar til å ta i mot alle båtane som kjem. Campingen  har plass til eit avgrensa tal bubilar og campingvogner. Det er også muligheit for camping på Sæbø og Standal. Båttransport er klar for sikker transport av publikum til og frå Sæbø / Standal / Urke / Ålesund, og ferjene vil gå som ved tidlegare store arrangement på Trandal. Busstransport er også på plass.

Arrangøren takkar dei mange lokale firma som gler seg over å vere støttespelarar for arrangementet.