Bandet framførte tre songar under årets påskerock i Ørsta, men dette er første konserten der bandet spelar ein heil konsert åleine.

Frontfigur og låtskrivar, Alexander Goksøyr, er tidligare vokalist i rockebandet Fatty Sunroad. Aleksander sin store draum var å verte fotballspelar, men etter ein prolaps-operasjon i 2006 bytta han ut keeperhanskane med kassegitar og munnspel. Han skriv no tekstar på norsk, og mykje av inspirasjonen er henta frå livet på Runde der han vaks opp. Dei andre musikarane i det nystarta bandet er Malin Ørsal, Audun Håberg, Gard Eirik Austrheim, Robert Steinnes og Knut Steinnes.

Musikken til Skapsmak er ærleg rockemusikk, men med stor variasjon innan sjangeren. Bandet har store ambisjonar og i slutten av juli er det booka studiotid på Giske med sjølvaste Henning Svoren frå Sæbø i kontrollrommet. Før og etter konserten i Volda vil DJ High Voltage Man spele 60 & 70-tals musikk frå Dylan, Stones, The Doors, Jethro Tull, The Band med meir.