Av Svein Nordal

Ernst Olaf Brune (44) har i 21 år vore medlem i Vassendgutane. Dei tre andre som har vore med heilt sidan starten i 1996 er låtskrivarane og songarane Sindre Aam og Arthur Johan Bjørdal – og sjølvaste Rune «Ungkar med dobbeltseng» Brautaset.

SHOWMAN: Rune «Ungkar med dobbeltseng» Brautaset.

– Rune er jo på mange måtar imaget til Vassendgutane. At han og låtskrivarane frontar bandet og gjev dei fleste intervjua er naturleg, seier Brune.

Starten

Ernst var berre åtte år då faren Einar kjøpte eit trekkspel til han. Han byrja på musikkskule, og deretter i Åmdal Trekkspelklubb under Olav Arne Aam og kvintetten «Latsabbane», som deltok i både distriktsmeisterskap og norgesmeisterskap i gammaldans.

– I 16-årsalderen tenkte eg at eg skulle «leggje opp» som trekkspelar, og bytte i staden til meg eit slagverk for ein Honda MB5-moped. Hehe, men som trommis kom eg aldri ut av guterommet. Eg sat der og tromma til låtar på kassettspelaren.

Gammaldans og hardrock

Vassendgutane starta ved at Rune Brautaset – som Ernst kjende frå revymiljøet i Åmdalen – tenkte at han skulle lære seg å spele gitar. Han øvde saman med Jan Ove Hovdenakk. Etter kvart kom Ernst og trommeslagaren i Latsabbane, Henning Aarseter, til.

FØRSTE DANSEN: Vassendgutane på sin aller første konsert/dans. Storhendinga fann stad i ungdomshuset i sjølve vassenden ved Vatnevatnet seinhausten 1996, og dei spelte oppatt og oppatt tre songar heile kvelden. FOTO: PRIVAT

– Og så sjølvsagt Sindre Aam, som hadde spelt i mange år i banda Zengana og Dirty Creek Band. Og 16-åringen Arthur Johan Bjørdal, som vel hadde spelt heavyrock fram til då. Så ein kan trygt seie at vi hadde ganske ulik bakgrunn – frå gammaldans til hardrock…

Arbeidsveke på bussen

Den første tida i Vassendgutane heldt Ernst fram med å spele gammaldans, men etter kvart tok det laust aldeles for festcountry-bandet, først lokalt, og seinare nasjonalt. I dag har dei selt bortimot 300.000 plater, og turnerer som aldri før.

NYTT OG GAMALT: Vassendgutane sin «nye og arge buss» nedst, og ein meir beskjeden variant øvst. FOTO: PRIVAT

Opp gjennom åra har det vore ein del utskiftingar i bandet, men Ernst og dei tre fremst på scena har vore med heile tida.

– Men du Ernst: Eg har høyrt mange som har sagt at det må vere temmeleg slitsamt med all denne turneringa i år etter år. Kva seier du til det?

– Klart det kan vere slitsamt innimellom, for vi turnerer jo frå Alta til Sørlandet. I løpet av ei helg – frå torsdag eller fredag til søndag, kan det faktisk bli over tretti timar i bussen. Nesten ei heil arbeidsveke, altså – og det berre på transporten. Konsertane kjem i tillegg.

«Ingenting var kjekt»

Han jobba tidlegare i eit firma som blant anna byggjer kontorlandskap. Framleis tek han på seg enkeltoppdrag, men då berre som frilansar for firmaet.

For sju – åtte år sidan gjorde han valet – og vart profesjonell musikar og vassendgut.

– Det var ikkje noko lett val. Skulle eg halde på ein trygg og fast jobb, eller skulle bandet bli arbeidsplassen min? Det siste er jo noko meir usikkert, for sjølv om ein har suksess, veit ein aldri om det vil vere over i morgon.

– Men eg måtte gjere det valet. Å kombinere dei to jobbane var umulig. For også i det andre firmaet var det ein del reising i samband med jobben. Eg kunne kome att frå arbeid borte torsdag, pakke ny koffert, og reise ut med Vassendgutane. På det tidspunktet var det ikkje noko som var moro lenger – verken å reise på jobb eller reise ut med Vassendgutane.

Seier Brune, som er gift, har fire barn og eitt barnebarn.

Tøffe tider

Etter over tjue år tek bandet eitt år om gongen. No og då gjev dei ut nye låtar på spotify, og truleg resulterer dette i ein ny cd etter kvart.

– Det er greitt å ha ei handfast plate å vise til, ikkje berre låtar på nettet. Dessverre er det nesten ingen som sel plater lenger, noko som sikkert er eit sakn for mange, inkludert meg sjølv.

– Og konsertarrangørane vert også færre rundt om i landet, for krava og regelverket rundt større konsertar har blitt så innskjerpa at til dømes små idrettslag ikkje ser seg syn med dette, seier Brune.

Snille gutar

Kanskje sidan dei har bakgrunn i Åmdal ungdomslag, ynskjer Vassendgutane å vere greie og snille med arrangørane:

– Band som vi kan samanlikne oss med, som Hellbillies og DDE, krev ein fast sum for konsertane. Viss dei skal ha 250.000 og det kjem lite publikum, kan idrettslaget som har hyra dei inn kome til å slite i årevis med dette. Vi krev berre ein prosentdel av billettsalet, så om publikum sviktar, tek vi vår del av tapet, seier Brune.

Bråkmakarar

– Med så mykje publikum i festhumør, hender det at det skjer ubehagelege ting på konsertane?

I AKSJON: Ernst Brune og Sindre Aam på scena. Foto: Kåre Basso

– Det hender at ein eller annan idiot kastar ei halvfull ølboks mot oss på scena. Det er jo ikkje heilt ufarleg, og det har hendt at instrument har slutta å fungere på grunn av slikt. Ser vi kven det er, peikar vi ut vedkomande og seier at vi avsluttar konserten og går av scena om det gjentek seg. Det bruker å gjere susen.

– Og så kjem det jo springande folk opp på scena og vil syngje, men det tek jo vaktene seg av. I nokre tilfelle får dei lov til å syngje nokre strofer.

– Og så blir de vel ofte plaga av damer i cowboyhatt etter konsertane?

– Hehe, nei, vi tek ei lita økt og helser på folk, skriv autografar og slikt etter konsertane. Då bruker folk å bli fornøgde.

Song ein gong

– Har det hendt at du har sett deg ned og tenkt «no skal eg skrive ein vassendgut-song»?

– Hehe, nei, det er det andre som gjer betre. Syng gjer eg heller ikkje. Det vil seie: Eg song ein Dr. Hook-song på ein Åmdalsrevy ein gong…  Og det gjekk rimeleg greitt!