Av Svein Nordal

Første gong publisert 22/1-14

Avlysing var det ikkje snakk om, så om kvelden spelte Wirus frå Stryn på Union Hotel Øye i Hjørundfjorden.

Les også: Band i Nordfjord frå 60 til 80-talet

– Arrangøren spurde om vi mangla ein av musikarane, og vi sa «ja, han omkom i ulykka, men ein avtale er ein avtale. Og vi vart trudd! Flirer Anders Magne Vik – som har vore «on the road» meir enn dei fleste…

PÅ RETT KJØL: Wirus stod han av etter bussvelten, og framførte 1970-hits same kveld.

Sanninga var heldigvis langt mindre dramatisk, sidan den sakna musikaren Arne Vik var i bryllaup den dagen.

Mange år tidlegare: Landevegsrøvaren rakk berre å løfte balltreet før dansemusikar Anders trykte klampen i bånn, og burna bort frå den kinkige situasjonen. Den seks-sylindra Granada-motoren i Ford Transiten hadde gjort livsviktig nytte for seg…

– Eg har opplevd litt av kvart som musikar. Ingen tvil om det. Kanskje eg burde skrive bok, seier Anders Magne Vik (66) frå Stryn. Musikant-karrieren byrja for 57 år sidan, då han melde seg inn i gutemusikken. Frå 1964 og fram til i dag har det vore band, duoar og trioar – dei lengste periodane med Wirus på 1960- og 1970-talet, og Fernando frå 1979 til 1990.

– I 2000 var eg 53 år, og drittlei av jobben som maskinreperatør på ein møbelfabrikk. Så eg lasta opp Transiten med musikkutstyr og køyrde til Bulgaria. Etter kvart sette eg saman eit band beståande av meg og fire – fem sigøynarar. Det var jo litt originalt gjort, noko som resulterte i ei heilside i Bergens Tidende den gongen. Songarinna i bandet var forresten fantasisk – det var jo som å høyre Whitney Houston …

Anders Magne Vik ved ein heil folkevognbuss.

Smugla for tollarar

Det var på ein tur sørover mot Bulgaria at han hamna i trøbbel nokre gongar – i Romania.

– Eg vart stoppa av ein heil gjeng som stod der med balltre. Bilen var fullasta med utstyr til ein verdi av tre – fire hundre tusen kroner. Eg sette bilen i første gir og heldt inne clutchen. Røvaren utanfor gjorde teikn til at eg skulle opne døra og levere frå meg alt i hop. Eg gav gass i staden, hehe …

Anders sit trygt og fortel i den tidlegare røykstova frå 1839 heime på slektsgarden – om den gongen då han smugla sprit på oppdrag frå tollarar (!), om korrupt politi som han meiner arrangerte ein samanstøyt med ein akrobatisk fotgjengar som sprang mot bilen og slo saltomortale over panseret – noko som resulterte i bot og ekstrautgifter på til saman 50.000 kroner – om «politimannen» som stoppa han og bad om papir, men som viste seg å ha fillete bukse, skor og russisk militærhatt – altså ikkje heilt reglementært kledd.

–Den gongen berga eg meg også unna, heldigvis … eg burde eigentleg skrive bok om alt eg har opplevd på vegen, seier Anders.

Starten

Året var 1964 då den då 17 år gamle Anders starta band for første gong, då saman med onkelen, Arne.

– Då gjekk det i gammaldans og litt jazz, men det kom ikkje noko ut av det. Seinare starta onkel og eg Candy Boys, der dei andre medlemmene var Paul Hol, Anders Meland og Birger Meland. Onkel og eg var saksofonistar, og eg hugsar at vi måtte ut med 5500 kroner per instrument – ein svimlande sum den gongen.

Seinare – rundt 1970 – skifta bandet namn til Wirus.

– Namnet fekk vi etter å ha lova den publikummaren som kom på beste namnet ein twistpose. Vi fekk inn mange vanvittige namneforslag, og Wirus var det beste dei kom på…

– Medlemmer som då kom til var Inge Rand, Arne Vike og Otto Raudi, som hadde bygd elgitaren sin på sløyden. Han var enno ikkje konfirmert, og eg hugsa vi så vidt nådde å levere han i kyrkja til rett tid etter ein spelejobb i Bremanger…

– Kva stil spelte de?

Anders dreg nok ein evergreen på saksofonen.

– Dansemusikk, mest sånn shalalala-liii – og litt Creedence og songar som Sylvias Mother. Etter kvart litt disco. Dei andre slutta og starta Atlantic, som ville spele litt meir innvikla musikk. Dei var vel leie av tralala-musikken, tenkjer eg…

Skrønte om «død» medmusikant

Anders var bandbuss-sjåfør, og køyrde tusenvis av mil. Det kunne vere fire – fem spelejobbar på ei veke, – Anders køyrde heimover i tre-tida, og så var det opp på jobb klokka sju. Han minnest ei langhelg med spelejobb nær heimbygda, så i Årdal, og deretter på  Valderøya dagen etter. I 1970/71 gjekk det gale ved Vinsrygg – folkevognbussen hamna på taket fullasta med utstyr, bandmedlemmer og den gravide dama til ein av musikarane.

– Vi skulle spele på Hjørundfjord-festivalen på Union Hotel Øye. Dei sa «de må kome – det andre bandet var så dårleg at vi har sparka dei!». Og vi møtte opp – sjølv verkte eg som ein gal, sidan eg hadde fått foten i klem i clutchpedalen. Ein av medlemmene var ikkje med, og publikum lurte på kvar han var. «Nei, han døde jo i ulykka», laug vi – og den gjekk dei på! Hahahaha!

Speleforbod

I 1972 gifta Anders seg, og alle trudde turnelivet var over. Men nei – han starta opp nok eit band, som etter kvart tok namnet Cheena.

– Men også den gongen gjekk dei andre medlemmene i ei litt anna retning, ville spele hardare rock enn kva eg var god til. Dermed vart det ein ny periode med Wirus, før eg i 1979 vart med i Fernando – heilt fram til 1990. Då fekk eg speleforbod av den nye sambuaren min, og spelte då ikkje igjen før i 1994.

Så følgde altså Bulgaria-eventyret, og i seinare år har Anders opptredd åleine og i duoar – gjerne for eit litt tilårskome publikum, og med komp på boks i synthen. Anders viser oss repertoaret – ei lang liste evergreens frå 1960- og 1970-talet.

Klinkande edru

Trass i at han har spelt på tusenvis av dansar med relativt høgt alkoholkonsum, rører han sjølv ikkje alkohol.

– Eg er ingen fanatikar, men eg vil ikkje ha det. Hehe – eg hugsar forresten ein gong ein av musikarane var godt nede i andre spritflaska før vi skulle spele på Fiskå. «Skal det der spele?» grøssa arrangøren. Eg prøvde å få liv i musikaren, både med vatn og klaps på kinnet. Det nytta ikkje. Så henta eg to jenter, som sette seg ved sida av han og prata. Då fauk han opp, lys vaken, og spelte heilt greitt heile kvelden….

– Å du store tid! Ja, det har vore mange episodar – og ein heil del av dei kan jo umuleg trykkjast verken her eller der. Men eg burde skrive bok ja. Eg har aldri hatt mykje pengar, men eg har levd eit rikt liv.