Det blir samspelsmøte og konsert 3. september på Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Alegrar består av unge ambisiøse musikarar i alderen 16 – 19 år. Inga Våga Gaustad var solist med orkesteret hausten 2016, og ho kjem no tilbake saman med strykekvartetten som ho er ein del av. Konserten blir arrangert i samarbeid med Sunnmøre kammermusikkfestival, og blir det første arrangementet på festivalen.

Sunnmøre kammermusikkfestival har ynskje om å rekruttere unge musikarar og har derfor ulike tilbod til ungdommar. Til «Draumekonserten» blir det invitert musikarar frå orkestermiljøa på Sunnmøre. «Ytre strøk» frå Hareid og Ulstein, «Havella» frå Herøy og «Indre strøk» frå Ålesund blir invitert med på øving, samspelsmøte og konsert. Intensjonen er å bruke den aktuelle helga for å skape eit miljø og presentere ein konsert med høg kvalitet til glede og inspirasjon for både publikum og orkestermusikarar på Sunnmøre.

Konserten blir gjennomført med støtte frå Dextra Musica. Dette er eit dotterselskap av Sparebankstiftinga. Dextra har dei siste 10 åra kjøpt inn og bygt opp ei stor samling verdifulle strykeinstrument med høg kvalitet som så blir lånt ut til norske musikarar. Musikarane som får låne desse instrumenta stiller til gjengjeld opp på konsertar og som instruktørar og inspirasjonskjelder for unge utøvarar.  Sparebankstiftinga har som mål gjennom Dextra Musica å bidra til at fleire kan spele og oppleve klassiske musikk og folkemusikk på eit høgt kunstnarleg nivå.

Sunnmøre ungdomssymfoniorkester.

Alegrar strykevartett vart etablert i 2013 og har medlemene  Inga Våga Gaustad og Oda Holt Günther på fiolin, Gustav Rørmark på bratsj og Brage Botn Seim, cello. Medlemane er frå 16 til 19 år gamle. Kvartetten spring ut av talentutviklingsprogrammet «Unge Talent» på Barratt Due musikkinstitutt. Gjennom Barratt Due og gjennom deltaking i ulike meisterklassekurs og mentor-opplegg som Oslo Quartet Series sitt talentutviklingsprogram har Alegrar motteke instruksjon og inspirasjon frå ei rekkje framståande kammermusikkutøvarar frå inn- og utland. I september 2016 var kvartetten invitert til å vere juniorensemble under Trondheim International Chamber Music Academy (TICC Academy), og deltok der på fleire konsertar og fekk undervisning med mellom andre den legendariske Hatto Beyerle. I regi av Oslo Quartet Series har Alegrar har ved fleire høve spelt på Nasjonalmuseet, Gamle Logen, Det Norske Teatret, og Universitetet i Oslo. Dei har elles spelt i Wigmore Hall, London, på festivalen Valdres Sommersymfoni og på Horten Kammermusikkfestival. Vidare har dei hatt fleire oppdrag på Slottet, og har spelt på representasjonsmiddag for Statsministeren.

På konserten skal styrkekvartetten ha si eiga avdeling. Ein av medlemene i kvartetten Oda Holt Günther, skal vere solist med ungdomssymfoniorkesteret i Johan Svendsen sin Romance. Det blir eigne innslag frå orkesteret og dei andre deltakarane på samspelsmøtet. Å møte, øve og spele saman med dyktige unge musikarar er uvurderleg inspirasjon for unge musikarar frå kulturskulane på Sunnmøre.