Av Charlotte Karoline Kvistad

Fosnavåg har fått sin eigen gatekunstnar, innlosjert til ubestemt tid. Sven Curak (37) driv med streetart, og han trivs godt i den vesle byen. Eit av måla til Sven er å vise at kunst har mange sider ved seg. Via kunsten har han ulike måtar å uttrykkje seg på og vise kjensler. At gatekunsten kan bli ei stor greie i Fosnavåg – er han sikker på.

–Fred Prytz er initiativtakar til å realisere gatekunsten, og Fred vil at Fosnavåg skal verte sentrum for kunst i Norge. Eg vil lage kunstfestival og eit ope kunstgalleri, og eg vil invitere kjende menneske og kunstnarar til å kome hit, seier Sven.

FOSNAVÅG: Muren bak Sven Curak er eit naturleg lerret, og her skal eit av dei første motiva verte måla ved airbrush. Plasseringa er mellom Thon Hotel Fosnavåg og armeringskaia. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Kunst i krigsåra

Sven er frå ei rik storfamilie i Bosnia-Hercegovina. Men i starten av Bosnia-krigen så flykta han til Kroatia i 1991. Familien mista alt dei eigde. Det første året levde han som heimlaus, og mykje av opphaldstida var på ein togstasjon. Etterkvart fekk dei seg hus i Zagreb.

–Eg starta med kunst i krigsåra. Då sat eg på loftet om kveldane og teikna, medan bombene small. Eg laga hundrevis av teikningar.

Det kunstnariske talentet vart oppdaga seinare av ein professor i kunstfag ved første klasse på vidaregåande skule, forklarar Sven, og professoren pressa han til å lage eit kunstverk kvar dag. Sven oppdaga ulike teknikkar som han kunne bruke i kunsten.

–Eg har brukt spraymåling til å teikne på tog, laga kunstverk på små riskorn og store veggar. Ein magisk kveld var eg saman med idolet mitt, Bob Ross. Av han lærte eg å bruke oljemåling. Ross måla med sjokkerande høg fart og eg vart inspirert. Alle teknikkane var todimensjonale.

Airbrush

Som 20 åring oppdaga han airbruch. Sven føler seg heldig, for heime er han nabo med ein kunstnar for Marvel comic som lærte han kunsten å måle 3D-skuggelegging.

–Eg prøvde først 3D-teknikken med penn, før eg gjekk over til airbrush. Det er viktig å ikkje gje opp, ein kunstnar må øve veldig mykje for å verte god. Når du starta med eit prosjekt veit du ikkje kva det blir til slutt. Resultatet vert ei overrasking!

I Fosnavåg vil Sven nytte teknikken airbrush. No er han ferdig med det første prosjektet, der han har måla fiskar i havet på ei stor blomsterpotte. Sven skal i gong med å skape kunst på to veggar samstundes. Eit visualisert motiv er ein fiskebåt i lokalt landskap, måla med sterke og klare fargar.

–Eg ventar på bilete av kjende personar frå Fosnavåg. Ein tanke er å gjere stas på damene som arbeidde hardt i gamledagar, ved å måle dei på veggar. Eg har også lyst å setje opp store tavler rundt om i Fosnavåg, og invitere andre kunstnarar til å kome og måle på dei. Det hadde vore praktfullt.

Sven ser på alle hus og murar som store lerret, og dei kan han tenkje seg å fylle med ulike motiv og fargar.

Eldsjeler

Sven vart invitert til Fosnavåg for å ta del i kunstprosjektet av Henning Karlsen i Verto Norge, etter Fred Prytz sitt ønske. Det første møtet mellom dei tre var full klaff, og dei er no i gong med å realisere kunstprosjektet som Fred alltid har ønska å få til. Kunsten vert finansiert ved kronerulling, der folk donera pengar.

–Eg må gje ein stor takk til Fred og Henning som gav meg denne moglegheita. Dei er gode og varme menneske, seier Sven Curak.