–På Trebaatfestivalen får de møte to vestlendingar – ein galen og ein rape galen, fortel Fredrik Steen, og understrekar:  –Den rapne galne er Grim Moberg, altså!

Steen og Moberg er gode bussar frå det norske standup-miljøet, og vil eigentleg ikkje høyre snakk om at dei er konkurrentar. Dei har turnert og showa i lag mong ein gong før, og til og med i Ulsteinvik, då Fredrik dreiv standup-klubb på Kaffibaren.

– Grim er ein av mine favorittar på scenen. Han har ein herleg og fandenivoldsk galskap i seg som eg aldri blir lei av. Særleg når han er sint, då ler eg meg fillete, seier Fredrik Steen.

Naustdal og banning

Grim Moberg er ein kjend skikkelse i det norske standup-miljøet, og har i mange år vore éin av ildsjelene i humormiljøet i Bergen. Det blir sagt om Grim at han er ein komikar som blottlegg seg sjølv, og humoren går som regel berre på eiga bekostning, og kanskje ein ekskjærast eller ein slektning. Spesielt vidgjeten er han for parodien på sin eigen bestefar frå Naustdal i Sunnfjord. Om du trur du har høyrt banning før, så må du tru om igjen, ifølge Grim Moberg.

Eksklusivt for Trebaatfestivalen

Når dei no kjem tilbake til Ulsteinvik, byr dei på eit show ekslusivt for Trebaatfestivalen. For sjølv om dei to karane har samarbeidd før også, blir dette showet ein eingongshappening – og det er ein viss sjans for at lokalbefolkninga må tåle spøkar med lokalt tilsnitt.

– Det er jo slik at vi komikarar er gode på å tilpasse oss publikum, og noko av innhaldet i showet er tilpassa lokale høve. Det er ekstra gøy å ha show her på Sunnmøre, for her er folk vakne når det gjeld humor. Vi gler oss veldig – både til å kome til Ulsteinvik, og å ha standup-show på Trebaatfestivalen, fortel Steen.

Saknar Ulsteinvik

Fredrik burde vere kjend for dei fleste ulsteinvikarar. Ikkje så ofte å sjå på desse kantar no som før, men han saknar Ulsteinvik og folket der:

–Ja, klart eg gjer. Det er mange i Ulsteinvik eg gjerne skulle ha hatt nærmare. Oslo er bra på mange måtar, men det eg saknar mest er humoren. Oslo-folket er ikkje så gode på ironi, og ting må ofte skjerast ut i papp, ler Fredrik.

–Endatil når eg seier at: Du, det var ein spøk, so fortset dei og skjønner det ikkje heilt! Sunnmøringar er mykje kjappare og er veldig vakne på humor, fortel Steen.

Til sommaren er det fem år sidan han flytta frå Ulsteinvik og sette nasen mot hovudstaden. Og det var jobbmoglegheiter som var tunga på vektskåla for den kjende komikaren. Til hausten blir Fredrik å sjå i ei av hovudrollene i ein ny humorserie på NRK 1.  Sendestart er ikkje heilt klart ennå, så det kan bli både nærmare jul og rett over nyåret, melder Fredrik. I tillegg har han premiere på det nye soloshowet sitt ”Ser skarpt igjen” på Teaterkjeller’n i slutten av oktober. Med seg på laget har han Tom Sterri på regi.

Men før det, altså – standup-show med Fredrik Steen og Grim Moberg under Trebaatfestivalen. Ein heilaftan med to svært rutinerte, men forhåpentlegvis rape galne komikarar!

 

 

 

FOTO AV GRIM:

 

Vegard Fimland

 

 

FOTO AV FREDRIK:

 

John Andresen