Eirik kjem fra den franske klubben Olympique de Marseille, der han vart fristilt frå kontrakten i vår. Han har tidlegare vore i Molde sin A-stall, og har erfaring frå aldersbestemte landslag.

–Det blir godt å kome i gang igjen og det er ingen betre plass å restarte karriera si enn i Hødd. Det at eg kan fokusere kun på fotballen, trene under fantastiske fasilitetar gjer at alt ligg til rette for at eg kan utvikle meg til å bli ein betre fotballspelar, seier Eirik Haugen i en pressemelding.

– Eg har blitt tatt veldig godt i mot i klubben og i spelargruppa. Eg kjente til Badr og litt Amini før eg kom til klubben og har også spelt ein del mot dei yngre spelarane i laget tidligare.

Haugen sin styrke som spelar er 1-mot-1 defensivt og som spelande midtstopper- som er god å behandle ballen .

–Eg har lyst til å kome raskt i gang, spele kampar og kome meg i form igjen. Målet mitt er å bidra til at Hødd kjempar i toppen i år og rykker opp igjen til OBOS-ligaen.

Trenar i Hødd, Sindre Eid, meinar Haugen har eit stort potensiale:

–Ein spennande ung spelar som har gått ein god skule i Molde og Akerakademiet, vore ein del av Molde sin A-stall, erfaring frå landslag heile vegen oppover og sist no i Marseille. Eirik er ein spelar som har opplevd mykje på kort tid og det betyr at det er eit stort potensiale som ligg der som vi ser fram til å jobbe med.

Han virka som ein fin gut som har kome til oss og som kanskje har lyst til å restarte karriera igjen og få ein stabilitet i trenings- og kampkvardag. Ein spennande signering for Hødd, seier Eid.