Den som runda folketalet, var ein brukar i Sør-Odal som kl. 15.23 las Allkunne-artikkelen om utjamningsmandat.

Gjester og unike brukarar 2000–2017

– Det var passande lesestoff dagen etter stortingsvalet, og ei raus bokgåve ventar om vedkomande tek kontakt, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Han er heilt med på at jamføringa mellom publikumstal og folketal er spesiell:

– Vi held orden på gjestene våre, og litt moro med tal høyrer med no når stortings-valet er over. Denne ettermiddagen hadde Aasen-tunet gjester frå Danmark, og på nettstadene var der brukarar frå både Stockholm og Amsterdam. Det var han eller ho i Sør-Odal som runda folketalet, fortel Ottar Grepstad.

12 nettstadbrukarar for kvar gjest

Gjestane og brukarane har vore med på meir enn 5100 arrangement og utstillingar i 167 kommunar landet rundt og fleire stader i utlandet, eller vitja ein eller fleire av dei åtte nettstadene våre. Likarar og følgjarar i sosiale medium er ikkje rekna med.

For kvar gjest på eit arrangement eller ei utstilling har Nynorsk kultursentrum hatt minst 12 unike brukarar av dei digitale tenestene. Målet ein sette seg før Aasen-tunet opna i 2000, var at institusjonen skulle ha minst ti digitale brukarar for kvar gjest. Det målet er nådd.

Nynorsk kultursentrum opna den første nettstaden, Aasentunet.no, 24. april 2000. Det var to månader før nybygget i Aasen-tunet blei opna 22. juni 2000. I januar 2018 opnar Nynorsk kultursentrum sin niande nettstad, for Litteraturdagane i Vinje.

Like mange på ei veke i 2017 som i heile 2000

Då den første nettstaden blei opna i 2000, hadde ikkje meir enn ein av ti tilgjenge heime til Internett i Noreg. Det året hadde Nynorsk kultursentrum 8937 unike nettstadbrukarar alt i alt. I 2017 hadde institusjonen i gjennomsnitt 9400 unike brukarar kvar einaste veke.

Dei første dagane i september 2017 hadde Nynorsk kultursentrum digitale brukarar frå New Zealand, Colombia, Nederland og USA, og til dømes Aasen-tunet.no hadde desidert flest brukarar frå Oslo dei dagane.

– No er det mykje snakk om at næringslivet må gjennom eit digitalt skifte og satse meir på digitale tenester og funksjonar. Nynorsk kultursentrum gjekk inn i den digitale røynda alt i 2000 og har fått uendeleg mykje att for det, seier Ottar Grepstad.

Til og med 12. september 2017 hadde over 386 000 vitja arrangement og utstillingar i regi av Nynorsk kultursentrum, medan nær 4,9 millionar unike brukarar hadde vore på nettstadene.