Av Hugo Antonsen

Dimna-guten skal løpe kvalifisering søndag, medan semifinale går mandag og finale på distansen går seint onsdag kveld.

Sjølv om Karsten allereie har skaffa seg meir erfaring frå meisterskap enn dei fleste på 21 år, er det første gongen han deltek i eit VM med høgste status. Med finaleplass i EM og niandeplass i OL, er finaleplass målet i VM – sjølv om konkurransen truleg er hardare. Men forventningane stig for kvar gong Karsten står på startstreken.

–Eg må truleg ned mot min norske rekord (48,25, red. amn.) for å få finaleplass, seier Karsten. Rekorden satte han på Bislet Games 15. juni, då han også slo den største VM-favoritten, amerikaneren Kerron Clement.

–Forventningane har begynt å bli ein del av kvardagen no, og eg taklar dei greit. Det er også viktig å hugse at dette er ein knallhard arena, og at mykje kan skje. Samstundes er slike meisterskap viktig lærdom for meg, så eg samlar inn mykje inntrykk, seier Karsten til Regionavisa.

Vil du følge hvert steg Karsten tar under VM i London; her er oversikten som viser når han er i aksjon:

Søndag kl. 12.05: Kvalifisering, 400 meter hekk.

Mandag kl. 21.20: Semifinaler, 400 meter hekk.

Onsdag kl 22.33: Finale, 400 meter hekk.

Alt sendes direkte på NRK TV.