Gudstenesta denne dagen er ei av dei fire temagudstenestene  som vert feira samband med Reformasjonsåret 2017. Temaet er «Frelsa er ikkje til sals!», og Kaldhol og Sørbø har skrive tekstane sine opp i mot tekstane og bønene til denne dagen. Dei les kvar sin tekst på to ulike stadar i gudstenesta.

Ordet «frelse» er eit viktig ord i den kristne trua. Likevel: Kva tyder dette ordet, no i dag? Og kva meiner vi når vi seier at «frelsa ikkje er til sals»? Kanskje kan desse tekstane frå to samtidsforfattarar, lest i kyrkjerommet og i ramma av ei gudsteneste, gi oss eit nytt møte med dette store, gamle ordet?

Denne søndagen står altså forfattarane sine tekstar der ved sidan av bibeltekstane og preika- og ved sidan av dåpen og nattverden, som også vert feira i gudstenesta. Det vert gamle salmar av Martin Luther og Petter Dass, og nye salmar av Jan Ove Ulstein og Jan Inge Sørbø. Det vert nye ord ved sidan av gamle ord, kyrkja sine sakrament saman med våre erfaringar og liv.