I Salen vil formidlar Synnøve Marie Sætre lese frå boka «Papelina». Alle får vere med på allsong og mange andre kjekke førjulsaktivitetar for små og store.

– Det er kanskje ikkje så vanleg med papegøyar i førjulstida, men vi trur likevel førjulsstemninga vil kome gjennom både song og aktivitetar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet, som lovar ein kjekk dag for heile familien.

Lesestund og aktivitetar

Det blir ei samlingsstund i Salen. Her får vi mellom anna høyre historia om Papelina og familien hennar, som må reise frå heimen sin.

I aktivitetsverkstaden kan barna la seg inspirere av boka til å lage sine eigne papp-papegøyar. Det blir også høve til å lage juletre i papir, kreative julekort og fleire ting ein kan gi i julegåve.

Barnekunst

Over 350 born frå barnehagar i Ørsta, Volda, Herøy, Hornindal, Ulstein og Stryn har laga kunst som er inspirert av forteljinga og illustrasjonane til Randi Fuglehaug og Jill Moursund. Barna har lagt ned mykje arbeid i kunstverka som er utstilte i Aasen-tunet.