Denne kvelden ville arrangørane prøve noko nytt, og derav «Women-Gaither». Då blir det berre damer som skal synge. Det blir mellom anna besøk av Gudrun Longva og Hilde Gjengedal, som har reist saman som sangevangelistar, hovudsakleg på Sunnmøre. Elisabeth Walderhaug er også ny på programmet. Ho kjem opprinneleg frå Ulsteinvik, men bur no i Ålesund.
May-Linn Andersen kjem, og Harry Andersen skal lose publikum gjennom gjennom kvelden som vanleg. Alle er velkomne til å kome og høyre sang og musikk på Berge bedehus denne kvelden, skriv arrangøren.