–Medan  politikarane driv valkamp og diskuterer korleis vi kan ta betre vare på miljø og klima, tek 30.000 elevar saka i eigne hender, skriv Miljøagentene i ei pressemelding. På Søre Sunnmøre er det skulane Åheim skule i Vanylven kommune og Vartdal skule i Ørsta kommune som skal delta i kampanjen.

Gjennom å engasjere barneskuleelevar i å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen ønskjer Miljøagentene å bidra til at ein får mindre lokal luftforureining der ein bur, og til å kutte CO2-utslepp skapt av biltrafikk. Det oppstår færre trafikkfarlege situasjonar når færre køyrer borna sine til skulen, og borna blir i betre form og er meir opplagde til å ta til seg kunnskap gjennom heile skuledagen.

– Det kan virke enkelt å svippe borna innom skulen med bil, og du tenker kanskje ikkje vidare over det. Beintøft vil vise eit større perspektiv: Når 30.000 foreldre let bilen stå, blir resultata tydelige. I fjor sparte vi jorda for 96.700 kg CO2, seier Hanna Hågensen Aasen, kommunikasjonsansvarleg i Miljøagentene.

Til månen og tilbake

I fjor gjekk 26.000 elevar 727.000 km. I år er målet å gå og sykle tilsvarande distanse som til månen og tilbake – i overkant av 800.000 kilometer. På ferda til månen skal elevane gjennom fire vekesoppdrag med ulike tema: Natur og lokalmiljø, sykkel, klima og verda og lufta vår.

På beintøft.no kan ein følgje med på kor langt elevene har gått, og få ei oversikt over mengda med CO2 som er spart ved å ikkje køyre bil til skulen.