–Det vert ein konsert av det sjeldne slaget på våre kantar og noko vi har sett fram til i over eitt år. Det fortel Kultursjefen i Ulstein, Leif Ringstad i ei pressemelding. Resten av kultur-hausten blir i noko mindre format, men det er mange godbitar å glede seg til fram mot jul likevel.

–I november kan vi først freiste med den tidsaktuelle teaterklassikar «Neshornet», onsdag 1. november. Neste mann ut er eit møte med ein «gamal travar» og kanskje ein av dei store innan norsk pop og visesong, Finn Kalvik.

Christine Hope, vestlandets humordronning, stiller på scena 9. november med humorshowet «Hope – skulder – kne og tå». To dagar etter, laurdag 11. november blir det ein stor kveld for alle som er glade i «Dire Straits». «Brothers in Arms» heiter bandet som er sett saman av sunnmørs-musikarar, med eit stort hjarte for Mark Knopfler sitt band.

I desember står tre julekonsertar/ arrangement for tur. Først ut er julekonserten «En stjerne skinner i natt» med Oslo Gospel Choir.

–Denne konserten er lagt til Ulstein Arena, for at vi både skal få vist fram det flotte nye anlegget og fordi vi vil at så mange som mogleg skal få med seg denne flotte julekonserten, seier Ringstad.
Torsdag 14. desember skal Bugge Wesseltoft syte for julestemning, når han spelar på flygelet på Sjøborg.

«Christmas Dinner Show» avsluttar juleprogrammet med servering av beste sort. Fredag 15. og laurdag 16. desember blir kultursalen dekt med runde bord, det blir servert juletallerken og lutafisk, medan Ulstein storband og solistar står for det musikalske innhaldet.