Dosent Jan Olav Fretland ved Høgskulen på Vestlandet held årets Ivar Aasen-minneforedrag under Festspela fredag 30. juni, og han svarer på spørsmålet sjølv:

– Det kunne jo ha gått heilt gale. Det manglar ikkje på språkreformatorar som aldri oppnådde noko som helst, seier dosent Jan Olav Fretland ved Høgskulen på Vestlandet I år er det han som held det prestisjetunge Ivar Aasen-minneforedraget. Han vil prøve å sette Aasens arbeid i eit historisk perspektiv, iblanda litt alternativ historiespekulering og sideblikk mot utlandet.

– Det andre ytterpunktet er at det kunne gått som i Finland, der det dialektbaserte skriftspråket blei fleirtalsspråk, medan finlandssvensk blir brukt av eit mindretal, tilsvarande nynorsk hos oss.

Noko anna er korleis det faktisk har gått. Der sprikar meiningane. Somme hevdar at fleire hadde brukt nynorsk viss ein hadde lagt meir vekt på eit normert nynorsk talemål i staden for at dialektane er det munnlege uttrykket for nynorsk. Andre meiner det er for mykje ulyst og tvang knytt til det å bruke nynorsk, og at alt ville gått betre med større språkleg valfridom, skriv festivalleiinga i ei pressemelding.

– I foredraget vil eg gje mi eiga vurdering av dagens situasjon. Til sist ser eg litt på framtida. Peikar alle pilar berre nedover? spør Fretland og røper at det meiner han ikkje.

– Det skjer faktisk ein del spennande på nynorskområdet i dag. Eg kjem til å bruke døme både frå Noreg og frå andre land i Europa.