21. oktober vert det gjensyn med Dalsfjordrevyen etter lang tids fråvær. I mange år var det eit aktivt revymiljø i Dalsfjorden som hadde årlege framsyningar, både på Vesttun grendahus på Lauvstad og andre stadar i distriktet.

Dalsfjord teater- og revylag er heilt nyoppstarta og medlemmane har eit felles ynskje om å halde revytradisjonen i hevd og presentere nye framsyningar for sambygdingar og andre interesserte, trass i at dei fleste har lita eller inga tidlegare erfaring med teater og revy.

Det er stort spenn i alder blant dei som er med, men det ser medlemmene på som positivt.

– Det er kjekt at vi er folk i ulik alder og med ulik bakgrunn og erfaring. Sjølv om målet no fyrst og fremst er å presentere ein revy for folket i Dalsfjorden og omland, ynskjer vi på sikt at teater- og revylaget skal vere ein samlande arena for alle som vil bidra til kulturlivet på bygda. Det kan vere rom for å sette opp andre typar framsyningar utanom revy også. Så det er berre å melde seg inn, er oppfordringa frå medlemmane.

Dalsfjordrevyen 2017 har premiere på Fyrlykta kulturhus laurdag 21. oktober og har fått namnet «Der ingen kan tru, at det kjem bru».

– Galskap frå ende til anna! Det var det revyen skulle heitt, kan styreleiar i revylaget, Eva Gjøsdal, fortelje.

– Vi har trua og vegen vert som kjend til medan ein går. Vi synest sjølve vi har mykje godt stoff og dyktige musikarar og flinke folk både på og bak scena, så revy blir det, er konklusjonen frå medlemmane i revylaget. Dei kan love mykje humor og mykje song og musikk.