Skålatårnet og den nye turisthytta til Bergen og Hordaland turlag, «Skålabu», har hatt svært godt besøk i sommar. Det er for første gong også ein eigen hyttevert på Skåla i sommar.

Skåla Opp deltakarrekorden på 1935 fullførande kan stå for fall i år, allereie to veker før arrangementet er det 1300 personar som har meldt sin ankomst. Og om sommarvêret glimtar til, blir det verkeleg ein ny folkefest på Skåla!

Blant kjende løparar som stiller til start, finn vi mellom andre fjorårsvinnar Annie Bersagel, fjorårsvinnar og verdsmeister Stian Angermund-Vik, europameister Eli Anne Dvergsdal, europameister Johan Bugge, unge lovande Stian Øvergaard Aarvik, verdsmeister og løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen og evigunge Kristen Skjeldal.

Fleire av desse hevdar seg heilt i verdstoppen i motbakkeløp, og løyperekordar kan stå for fall. I så fall vankar det ein velfortent rekordpremie på kr 120.000,-.

Den lokale vektløftarhelten Stian Grimseth vil òg ta turen til Skåla denne dagen. Og fleire kjendisar kan vere på veg!
Det er også i år trekning av ei Wonderland seng, fire Garmin pulsklokker og fri bruk av ein VW Golf i eit år, samt mange fleire flotte premiar til dei som fullfører turen til Skåla.

Helga inneheld òg Kickoff fredag, Kongleriket Mini Skåla Opp til sætra for barn opp til 12 år laurdag, streaming, ekspertkommentarar og trubadurar i teltet på Tjugen, samt premieutdeling og grillparty laurdag kveld på Hotel Alexandra.

Velkommen til Skåla Opp og motbakkefest i Loen!

Info og påmelding på www.skaala.no