Gospelkoret er på sin årlege juleturné, og julestemninga dei skapar er nærast blitt deira varemerke. Koret feirar neste år 30-årsjubileum. Det vart grunnlagt i 1988 av Tore W. Aas, som framleis leier koret.

Oslo Gospel Choir er kanskje heile Norden sitt mest kjende gospelkor, og har opp gjennom åra gitt ut over tjue album, og sunge med fleire kjende artistar, som Adrae Crouch, Sigvart Dagsland, Tommy Körberg, Anita Skorgan, Mia Gundersen og Sissel Kyrkjebø.

Koret var bestseljande norske artist på 1990-talet, med over ein million selde plater.