–Her på Ungdomshuset Haukly har vi no i mange år hatt handverksmesse, fortel arrangørane frå Skjåstadalen Frilynde Ungdomslag, og legg til:
–Det er mykje flott handarbeid som blir laga rundt i heimene, og på messa brukar det å bli stilt ut mykje flott arbeid i mange typer materiale. Heimeprodusert mat får ein også kjøpt på messa.

Det er framleis plass til å melde seg på som utstillarar til messa som blir arrangert 11.-12. november.