Av Hjørdis Almelid Vikenes

– Hans Nielsen Hauge var eit særmerkt menneske og imponerande føredøme på ei lang rekkje område: Religiøs overtyding, arbeidslyst, fantasi, gründerverksemd, moralsk styrke, god skriving og klar tale. Meiner tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, Hallgrim Berg. Foto: Ole Johs. Brye

I Herøy Frikyrkje møtest Alv Johan Magnus, Aud Johanne Kvalbein og Hallgrim Berg for å snakke om dette temaet torsdag 19. oktober. Gospelkoret frå Ulsteinvik deltek med song.

Aud Johanne Kvalbein er tidlegare heiltidspolitikar for KrF i Oslo og vararepresentant til Stortinget.

Ho har vore varaordfører i Oslo og hatt ein periode som byråd for eldre og funksjonshemma. Politikaren gler seg til å delta på seminaret.

– Hans Nielsen Hauge (1771-1824) er ein person som har fascinert meg frå eg var ca 12 år gammal, og las om han i historieboka på skulen. Eg visste på det tidspunktet ingenting om han, fordi eg ikkje har vakse opp i eit miljø der det vart snakka om. Omvendingshistoria hans overraska meg. Kristendom betydde noko inn i kvardagslivet hans. Det fikk meg til å sperre opp augene. Eg huskar at eg lenge lurte på om det fanst slike menneske som han i dag, men på den tida visste eg ikkje om nokon som eg kunne stille slike spørsmål til, fortel ho.

Bakmennene

Dei som står bak Haugeseminara i Fosnavågen er sunnmøringane Per Sævik. Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus-Jon Kopperstad.

– Gjennom Hauge-seminaret ønskjer vi å ta vare på etikken og den åndelege arven etter Hans Nielsen Hauge. Vi vil også gjennom hans eksempel sette fokus på kristne sitt samfunnsansvar. Hauge-seminaret skal ikkje berre vere historia om ein person, men søkje å gjere arven etter han relevant inn i vår tid og dei utfordringane vi står overfor når det gjeld etikk, gudsliv og samfunnsansvar, seier Olaus-Jon Kopperstad.

Per-Arne Lillebø er imponert over at Hauge som var ein ung mann følgde kallet han fekk av Gud og reiste rundt i Noreg trass motgang og fengsling.

–  Vi er både overraska og takksame for at desse arrangementa har samla fulle hus desse åra. Det viser at der er behov for denne type kulturopplegg. Samlingane der vi prøver å lyfte fram Hauge sine idear om ånd og hand, er like aktuell også i vår tid, seier Lillebø.

Haugearven

Alv Johan Magnus frå Ottestad og tidlegare leiar i Ungdom i Oppdrag meiner at Hauge er viktig i dag, fordi han skaffa seg læresveinar. Dermed vart det ei rørsle. – Truverdet deira i folk sine auge var integriteten deira og at dei var vennlege mot andre sjølv under forfølgingar. Elles vil kristne verdier neppe ha noko betydning for framtida viss dei ikke vert synleggjorte i livet her og no. Dei som forfektar dei må leve dei. Levande modellering er smittande. Folk må sjå for å gripe.

Per Sævik meiner at Hauge stod for det som har vore grunnleggjande for det meste av næringslivet på våre kantar av landet.

– Dette er ein lærdom som er viktig å formidle til dei oppveksande generasjonar, og at Gudsfrykt med nøysemd, og bed og arbeid er ein grunnleggjande verdi, som alle i vår velferdsstat må minnast på til ei kvar tid.

KrF-sjela

Aud Johanne Kvalbein meiner av folk i dag absolutt har noko å lære av Hans Nielsen Hauge.

– Vi kan lære om kristen tru og om initiativ, arbeidslyst og arbeidsglede. Vi kan lære om trufastheit og omtanke for andre menneske. Vi kan lære samfunnsbygging, både korleis vi kan få hjula i gang med bedrifter som lønner seg, fordi ein har gode idéar og arbeidarar som tek initiativ. Og vi kan lære av han korleis vi som eit fellesskap tek vare på kvarandre. Då tenker eg særlig på barn og unge som veks opp, og på dei gruppene som fell litt utafor. Ikkje minst kan vi lære å byggje liva våre på det som er best av alt, nemlig Guds ord og ærefrykt for Herren, seier Kvalbein.

Kvalbein har ikkje tidlegare halde eit direkte Hauge-føredrag, men ho har i mange politiske innlegg vore innom Hauge sine idéar og tankar.