Kor og korps vil fylle kvar si avdeling med musikkstykke, og avsluttar med eit fellesnummer i god samklang. Jens Terje Johnsen er konferansier og vil knyte aktørar, publikum og musikk saman med velvalde ord.

Damekor: CorSonus frå Hjørungavåg vart skipa i september 2015, og er eit damekor med 38 medlem. Koret har repertoar frå dei fleste sjangerar; frå viser til populærmusikk. CorSonus deltok i songkonkurransa «Syng for oss», i Bergen 2016, der dei kom på 2. plass i kategorien damekor. Dirigent er Iris Kristine Tangen Nanseth.

Harald Sætre i Herøy Brass fortel at kor og korps ser fram til konserten, og gler seg til å presentere repertoaret for eit så stort publikum som mogeleg.
– Det er all grunn til å finne vegen til Herøy kyrkje denne søndagskvelden, seier Sætre, og legg til at i motsetnad til mange andre konsertarrangement, der ein finn store nasjonale og internasjonale namn på aktørlista, vert dette ein konsert med berre lokale aktørar og medlemar, som lovar publikum ei flott musikkoppleving.

Det blir dermed gjestekor frå Hjørungavåg med damekoret CorSonus, konferansier frå Bergshaugen – tidlegare sokneprest Jan Terje Johnsen, og brassbandet Herøy Brass frå Fosnavåg i Herøy Kyrkje denne kvelden.

–Vi ynskjer publikum hjarteleg velkomne til konserten og skal syte for ei flott musikkoppleving i herøykatedralen. Det er eg sikker på, avsluttar Sætre.