I Ulstein kyrkje 11. desember har ho invitert med seg det lokale koret «Tolvtetten».

I Volda kyrkje 12. desember har ho med seg unge, dyktige songarar frå vg2 og vg3 ved Volda vidaregåande skule.

– Eg gler meg til å stå på scenen med denne spreke gjengen! Dei har tatt på seg ei stor og modig oppgåve, for dette er slett ikkje enkle arrangement. Men eg er ikkje det spor bekymra, eg veit at dei har jobba grundig og seriøst med materialet. Og eg har klokkartru på at musikken og songen vil løfte både hjarte og sjeler langt inn i høgtidsromme, seier Lech.

På repertoaret står kjende juleslagerar som «Stille natt», «Det hev ei rose sprunge», «Å Betlehem du vesle by», «Eit barn er født i Betlehem», «Folkefrelsar til oss kom», «Her kjem me Jesus, dine små» og «Mitt hjerte alltid vanker».

I tillegg har Beate sjølv omsett eller gjendikta ei rekkje meir ukjende songar.

– Eg vil utnytte dynamikken maksimalt – frå det heilt vare og skjøre til det brusande og dundrande. På denne julekonserten skal ikkje publikum sovne, men la seg løfte opp og ut av kvardagen og inn i det indre rommet, der sårbarheita og openheita bur. Og då kan alt skje…, avsluttar Lech.

Bandet, som består av Andreas Bye på trommer, Marius Reksjø på bass og Anders Aarum på tangentar, vil bere kora og solisten med improvisatorisk leikenheit.