Det blir ein innhaldsrik og variert haust i regionen si storstove. No er heile programmet for hausten og deler av etterjulsvinteren klart og lansert.

Opnar med teater

To teaterframsyningar sparkar i gang hausten i operahuset. Onsdag 30. august kjem Maj-Britt Andersen og co med ei splitter ny framsyning med Pulverheksa og venene hennar i Pulverskogen. Torsdag 7. september blir Agnes Ravatn sin suksessroman Fugletribunalet vist av Sogn og Fjordane teater.

Familieopera

Opera Nordfjord slår verkeleg på stortromma i år. 5. oktober er det urpremiere på tingingsverket «Sildagapet», ein opera som skildrar det yrande folkelivet under sildefisket i Måløy på 1950-talet. Helge Sunde frå Stryn og Jostein Avdem Fretland frå Lærdal har skrive operaen. Solistane er frå Volda, Gloppen, Skodje, Ålesund, Sogndal, Salten og Nordfjordeid.

Multimediamusikk

Fredag 20. oktober inviterer fiolinisten Ragin Wenk-Wolff og pianist Tor Espen Aaspaas til «Image in my music». I det multimediale konsertshowet får publikum oppleve kva Ragin ser i sitt indre når ho spelar. Det skjer gjennom hennar eigen biletkunst komvinert med foto- og filmkunst og ulike kostyme. Ragin Wenk-Wolff kjem frå Lindesnes, og flytta nettopp heim til Norge etter mange år i New York.

Språkmoro med Linda og Sjur

Linda Eide gjorde i vinter stor suksess med fjernsynsprogrammet «Eides språksjov». Fredag 3. november blir det meir språkmoro når Linda Eide tek med seg pianist og humorist Sjur Hjeltnes til Operahuset Nordfjord.

Hope, skulder, kne og tå

Christine Hope gjer stor suksess med «Hope, skulder, kne og tå». Over 25.000 publikummarar har sett showet som humordronninga fekk Komiprisen for i år. Onsdag 8. november kjem ho til Nordfjordeid.

Endeleg kjem Kari Bremnes

Kari Bremnes har stått på ønskelista til Operahuset Nordfjord lenge. Ho er ein av dei aller fremste låtskrivarane og songarane i landet, og ein formidabel liveartist. Nordfjordeid fredag 10. november er einaste stoppestad i Sogn og Fjordane på den tomånaders haustturneen ho legg ut på etter å ha gitt ut nytt album.

Ibsen og strykekvartett

Ibsen-klassikaren «Gjengangere» blir vist av Riksteatret søndag 29. oktober, med mellom andre Lasse Lindtner på scena. Torsdag 16. november held Oslo strykekvartett konsert i operahuset. Dei er ein av dei mest allsidige og nyskapande strykekvartettane i vår tid, og feira i fjor 25-årsjubileum.

Ole Edvard og Didrik

Ein annan musikar som endeleg kjem til storstova midt i Nordfjord, er Ole Edvard Antonsen. Det skjer torsdag 30. november, og med seg har han Didrik Solli-Tangen, Stine Hole Ulla og band. Når trompeten og dei klokkeklare stemmene kling ut i lokalet, då blir det garantert julestemning.

Sølvguttene og MGP junior

Julestemning blir det også laurdag 2. desember,. Då kan publikum oppleve Sølvguttene i levande live i operahuset. Søndag 10. desember kjem MGP junior juleturné til Nordfjordeid. Skal tru om dei lokale stjernene Vilde, Anna og Oselie blir med? Det veit vi rett og slett ikkje endå.

Eksklusivt med Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg si framsyning «Etterlyst: Jesus» har fått fenomenale kritikkar og vore ein enorm publikumssuksess på Det norske teatret i Oslo. Med på scena er også Bjørn Eidsvåg sitt faste band og Svein Tindberg. Torsdag 7. og fredag 8. desember i Operahuset Nordfjord er einaste sjansane til å oppleve framsyninga i Sogn og Fjordane.

Jul med tenorane

Mange publikummarar har ønskt seg Nordic Tenors tilbake, og onsdag 13. desember får dei ønsket sitt oppfylt. Med sine unike stemmer, skapar dei tre tenorane ei førjulsstund utanom det vanlege. Sveinung Hølmebakk, Roald Haarr og Jan-Tore Saltnes serverer ein vakker og underhaldande julekonsert, saman med sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen.

Sigrid feirar ti år

Tre arrangement etter nyttår er også lagde ut for sal. Publikum kan gle seg til Sigrid Moldestad med band fredag 26. januar, Folk og røvarar i Kardemomme by onsdag 14. februar og Ingrid Bjørnov med det nye soloshowet «Steinway to Heaven» tysdag 6. mars.