–Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustadar som ikkje har fungerande røykvarslarar. Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset, seier branningeniør Live Gandborg frå Hareid brannvesen og branningeniør William B. Ekeli frå Ulstein brannvesen til Ulstein kommune.

I desember 2016 døydde åtte nordmenn i brann. Det vil seie at det omkom ein person kvar fjerde dag. I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 2 670 bygningsbrannar i Møre og Romsdal. Det har omkome 59 personar i brann i same periode. Ingen har så langt i år omkome i brann i Møre og Romsdal.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

–Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din, seier Gandborg.
Røykvarslarar bør testast jamleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

Kva type røykvarslar er best?

Det finnast tre hovudtyper røykvarslarar: ioniske, termiske og optiske. Optiske er anbefalt til heimebruk, skriv www.roykvarslerdagen.no. Optiske røykvarslarar er nemlig best når det gjeld å varsle ulmebrannar, som er mest vanlig i boligar.

Gamle røykvarslarar gjev falsk tryggheit, etter ei tid er ikkje ein røykvarslar til å stole på. Støv og skit festar seg på sensoren, og i tillegg fungerer elektronikken i varslaren dårlgare med tida. Røykvarslarar skal skiftast ut minst kvart åttande til tiande år.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brann- og feiervesenet.