Bandet frå Volda og Ørsta har heile 12 medlemmer. Mykje av repertoaret deira kjem frå soul-registeret (Aretha Franklin, Stevie Wonder o.l. )og meir blåserekke-baserte grupper som Chicago, Blood Sweat and Tears, og Tower of Power.

Torsdag 28. desember spelar Faculty of Funk på Rokken i Volda.

«Vi snakkar om fullt trøkk frå eit tett komp og med fem manns blåserekke, i tillegg til fleiRstemt koring toppa med ein kvinneleg klassevokalist» heiter det i ei pressemelding.

Bandet består av Bendik Hustadnes (trommer), Stein Henrik Vartdal (keyboard/kor), Per Arne Brandal (gitar), Knut Hunnes (bassgitar), Arild Andenes (trompet), Geir Myklebust (trompet), Per Gunnar Flø (trompet), Ulf Kristiansen (saksofon), Brynhild Hovden (saksofon/kor), Pernille Mouritsen (trombone), Linda Skarstein (kor) og Janne M. Grytten Skarstein (vokal).

I sommar spelte Faculty of Funk på Trandalblues, og vart omtalt som årets store overrasking.