I år vert konserten i Ørsta kyrkje 10. desember, med mange av songane frå konserten i fjor; «Jul, jul, strålande jul» som mannskorversjon, «Glade jol» med damekor, «Julemotet» av Eyvind Alnæs, og elles mange kjende og kjære songar, både frå koret og som allsongar.

Med seg denne gongen har dei fått ein ung gjestesolist frå bygda, Tonje Aakre. Tonje har gått på musikklinja på Volda vidaregåande skule og ho var med i Idol i 2016.

Dirigenten Ketil Grøtting som no er tilsett som organist i kyrkja, vil også denne gongen vere ein kreativ medspelar.