Her får ein oppleve kammermusikk, biletkunst og havutsikt når festivalmusikarane spelar i galleriet.

–Tidlaus musikk kan løfte ein ut av den daglege dont sine meir eller mindre trivielle oppgåver og suter, skriv Sunnmøre Kammermusikkfestival i omtalen om konserten, og held fram: –I glimt kan ein kjenne på tankar om store ting om kva det er å vere menneske i eit stort og uendeleg univers, fellesskap og skjebnefellesskap som strekkjer seg i alle retningar og dimensjonar. Å kvile augo på det vide og omskiftelege havet under ein høg og romsleg himmelkvelving gir også luft under vengane til tankar som av og til må tenkjast.

Desse skal spele

Talentstipend: Ein kandidat til talentstipendet frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre deltek på konserten.

Tavener: Seks romansar av Anna Akhmatova. Nina Gravrok, sopran; Henrik Hannisdal, fiolin; Annar Follesø, fiolin; Eriikka Nylund, bratsj; Jonathan Aasgaard, cello

Beethoven: Strykekvartett i ciss-moll, op. 131. Annar Follesø, fiolin; Henrik Hannisdal, fiolin; Eriikka Nylund, bratsj; Jonathan Aasgaard, cello.

STRYKEKVARTETT: Eriikka Nylund (bratsj), Jonathan Aasgaard (cello), Henrik Hannisdal (fiolin) og Annar Follesø (fiolin).