-Det er meldt fint ver, så det er flott for både publikum og deltakarar. Vi har heile 230 påmelde deltakarar i år, så det er kjempebra, seier Martin Hauge-Nilsen, ein av arrangørane. Han fortel også at der framleis er nokre få ledige plassar både på familie/ungdom-klassa, konkurranse-klassa og mosjonsklassa.

Det er tredje året på «Over stokk og stein» blir arrangert, og det er eldsjelene Arve Haugland og Martin Hauge-Nilsen som arrangerer dette, med god hjelp frå frivillige frå lokalsamfunnet. Hinderløpet er bygd med naturlege hinder, som steingjerder, rotvelt, bekkar, diker, steinurer, tømmerstokkar og steinar. Hinderløpet skal passe for alle, både trente og utrente. Nokre nye hinder har funne stad til årets løp.