Fram til søndag skal Vartdal frilynde ungdomslag, Vartdal TIL, Vartdalsstranda generasjonskorps og forsamlingshusa Varden, Samhald og Soltjeld syte for fleire aktivitetar i bygdelaga.

I morgon er det fotballkamp mellom Vartdal og Gjerdsvika/Larsnes/Gursken. Fredag vert det invitert til familiekonsert med skulekorpsa/generasjonskorpsa frå Sæbø, Hovden og Ørsta, Dalane og Vartdalsstranda i VD-hallen.

Etter familiekonserten vert det klubbkveld for ungdom frå sjuande klasse og oppover på Samhald i Barstadvik, medan det vert invitert til pubkveld med kviss og underhaldning på Soltjeld same kvelden.

Laurdag er det klart for løpet Vartdal rundt, marknad i VD-hallen, og ein skytekonkurranse på miniatyrbana. Klovnen «Klumse» kjem også.

På kvelden vert det diskotek på Varden med aldersgrense frå femte klasse og oppover. Det vert vaksendans på Soltjeld med «Scrambled Eggs» og Aage Nybø.

Søndag er det middagssal på Samhald, og det vert andeslepp i Storelva i Barstadvik. Avslutninga av Vartdalsstranddagane vert på Samhald med ymse premieutdelingar og trekning av loddbøker.

– Dette er eit arrangement for alle som bur her, alle utflytta vartdalingar som ynskjer ein tur heim, og sjølvsagt alle andre som vil vere med på eit hyggjeleg og sosialt arrangement, fortel arrangør Frank Robert Aklestad til Møre Nytt.