Fotografi av filmstjerna Emma Watson får nytt liv når kunstgalleriet Studio Hugo Opdal og bygdefolket på Flø inviterer til Go With the Flø søndag 10. september, skriv arrangøren i ei pressemelding.

I år vert kunstivalen arrangert for åttande gang, og er ei krysning av ein tradisjonell bygdedag og kunstfestival. Og With the Flø held til i bygda Flø i Ulstein kommune.

– Det er stor stas å invitere til verdas minste og beste kunstival i bygda med mindre enn 200 innbyggarar, seier gallerist Hugo Opdal.

Flimrebilde på veggen

Kunstnaren Yves Scherer er frå Sveits (født 11. desember 1987), og han deltek ved opninga av årets Og With the Flø. Utstillinga «The Brightest Witch of Her Age» inneheld mellom anna ein skulptur og ein serie bilde av skodespelaren Emma Watson. Den New York-busette kunstnaren har også tidlegare brukt Hollywood-stjerna som motiv i sin kunst i alt frå installasjonar og skulpturar til audiovisuelle kollasjar og bilde. Bilda til utstillinga på Flø er sett saman av ulike fotografi ved sokalla lentikulært trykk, som gjer at motivet endrar seg med synsvinkelen. Slike «flimrebilde» har vore populære på suvenir og gratulasjonskort. Utstillinga ved galleriet i den tidlegare bygdeskulen på Flø, vil stå til 1. oktober.

Surferosa på Flø

Mariann Rosa kjem også til årets Go With the Flø for å snurre plater ved galleriet. Den fargerike og energiske artisten er stadig i studio for å spele inn musikk, samstundes som ho pleiar DJ-karrieren. Mariann – med det offisielle etternamnet Thomassen, var gjennom ti år vokalist og frontfigur i bandet Surferosa, og har de siste årene spilt på festivalar og klubbkonsertar.

Surferosa/Mariann

Yoga og traktortur

I år kan besøkande på Go With the Flø konkurrere i rundeballemaling, familiesporløp og annen moro. Det blir også mogleg å teste yoga med Yogano, og det blir traktorturar for dei minste. I gymsalen ved Flø-skulen blir det kreativt verkstad og matservering ved bygdefolket. Inngang og parkering er gratis.

Studio Hugo Opdal ligger i Ulstein kommune. Galleriet opna i 2007 og har med sitt «umoglege» bygdeprosjekt trekt til seg kunstnarar av nasjonalt og internasjonalt format. Kunstivalen Go With the Flø er i år eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal, Rod Bianco i Oslo og bygdefolket på Flø. Elmgreen & Dragset, Bjarne Melgaard og Damien Hirst er blant kunstnarar som har stilt ut under arrangementet sidan «debutåret» 2010.