-Dette er Monsiade nr 22 i rekka, og populariteten for arrangementet er aukande, fortel dei.

Ny general: Arne Sandnes tek over som Monsiaden-general etter sin far Mons Sandnes. Foto: Privat

Mons Sandnes (86) som starta heile Monsianden, har i år gitt stafettpinnen vidare til sin yngste son Arne Sandnes, som no har teke over som Monsiade-general. Han bur til dagleg i Trondheim, men er ofte «heime» i Vanylven.

-Det er eg, og no hjelper eg til med det praktiske rundt årets Monsiade. Min far, Mons, er i god vigør trass i høg alder, og blir med på sjølve dagen i år også, slik som alle år før. Det er jo han som er Monsiaden, seier Arne.

Arrangementet let menneske med funksjons- og utviklingshindringar få konkurrere i ymse idrettsgreiner, i tillegg har det sosiale med leik og moro eit stort fokus.

Bandet Merkesteinane står for det musikalske innslaget under arrangementet, med bandet Fjøresteinane som oppvarmingsband.

Rundt 170 deltakarar frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre og Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy og Eid tek del.
–Det blir nokre overraskingar i år, men elles har vi valt å halde på det opplegget vi har hatt.

Prominente gjestar er årvisst innom Monsiaden, som i år vert opna av ordførar i Vanylven Lena Marie Landsverk Sande.

Alle utviklingshemma i området er inviterte, både dei som er på institusjon og dei som bur heime. Dei som bur heime er det ikkje så lett å nå tak i med invitasjon, så der ber arrangørane dei føresette om å ta kontakt for påmelding. Det kan dei gjere gjennom kulturkontoret i Vanylven.