Ei søster frå Tautra Kloster i Trondheimsfjorden skal fortelje om nonnekvardagen sin, akkompagnert av kraftig korpsmusikk frå Herøy Brass.

Jens Terje Johnsen skal leie samtalen med Anne Elizabeth Sweet.

– Eg vil gjerne vite kvifor ei ung, amerikansk kvinne blir nonne i Trøndelag, eg vil vite korleis eit kloster «ved verdens ende» kunne gjenoppstå etter 500 år i ruin og eg vil vite om eit liv i kloster er noko for oss «vanlege» menneske. Og litt til.

Før samtalen i kveldsmessa vil det bli vist nokre bilder frå klosteret på Tautra og livet der, og etter kyrkjekaffien vil gjesten halde eit kort foredrag i kyrkjelydssalen der det også blir høve til spørsmål. Då blir det også høve til å bestille Anne Elizabeth Sweet si bok.

Herøy Brass med Kjellstein Knotten som dirigent kjem med eit kyrkjerelevant repertoar, og vil også spele til nokre av salmane.

Alette Teige er møteleiar, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Og på galleriet står seks forsongarar som skal løfte salmesongen.