Det er ein morgon i 1579, midt i den urolege reformasjonstida. I Valle i Setesdal møter soknepresten sin endelykt utanfor kyrkja. Kven står bak? For å løyse gåta må du leite opp spor rundt om på museet. Spora leier fram til motivet for prestedrapet, våpenet som blei brukt, og ikkje minst den skuldige –om du greier å pusle alt rett saman.

Lars Mæhle har laga mange krimgåter for detektivar i alle aldrar. Han har skrive om mystiske hendingar i Kråkeslottet barnehage, om krimteamet Siri og Max for barn i barneskulealder, og førebels tre vaksenkrimbøker med psykologen Ina Grieg i hovudrolla. Soga om prestedrapet er basert på ei sann historie.

Krim-mysteriet om presten i Valle blir sett opp kvar ettermiddag under Festspela, i samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum.