Grunngjevinga skal vere i følge Volda kommune at prisvinnar er ein solid og viktig kulturinstitusjon i Volda og Ørsta.  Etter at han vart etablert for vel 30 år sidan, har han utvikla seg til å verte ein av dei største i landet i sitt slag, med sine 450 deltakarar i aldersspennet 5 til 21 år, fordelt på 6 ulike greiner.

Aktiviteten vert driven av foreldra, utan kommunal driftsstøtte, som eit heilt og fullt frivillig ideelt tiltak.

Prisvinnar trygt seiast å utøve kulturaktivitet ut over det vanlege, og fyller dermed retningslinene sitt krav nummer ein. Vidare har eldsjel og dagleg leiar ei lang og tru teneste bak seg i organisasjonen, og er framleis den drivande krafta.

Prisvinnar legg stor vekt på kvalitet gjennom å hente inn dyktige instruktørar. Det er fleire avdeltakarane som har starta karriera si her, og kome langt innan faget. Prisvinnar representerer eit unikt og viktig aktivitetstilbod til born og unge i Ørsta og Volda, og er delaktig i å setje kommuane våre på kulturkartet langt ut over kommunegrensene.