Av Svein Nordal

Første gong publisert 26/2-14

Geir Sætre

– Ja, det var i 2005, det, med bandet Ninth frå Ørsta. Andrew Sheps, som har produsert Michael Jackson, Metallica, Johnny Cash og Adele hadde stor tru på oss, og før turnéen let han oss plukke ut det vi ville ha av gitarar, bassgitarar og slagverk i musikkforretningar i New York. Og vårt mål var å bli rockstjerner, seier låtskrivar Sætre.

– Og då må det verkeleg ha trudd at det var i ferd med å skje?

– Eh, veit ikkje heilt. Vi hadde allereie då halde på så lenge at vi visste at slikt uansett ikkje skjer over natta, seier trebarnsfaren, no busett i Bergen, og i full gang med Ninth igjen.

Les også: Punken sette oss fri

Rockarar i rønne

Geir si rocksoge starta allereie i barnehagen i Ørsta for rundt tretti år sidan. Der vart han god kompis med Audun Havåg og Bård Kvalsund – og allereie som 11 – 12-åringar starta dei forløparen til det som i konfirmasjonsalderen vart til bandet Woo.

– Vi var veldig inspirerte av folkemusikk – frå norsk hardingfele til indisk sitar – og prøvde å spele det på gitar. Og sidan vi mangla trommeslagar, starta vi det akustiske bandet Woo, og byrja å skrive eigen musikk.

Bandet fekk øvingslokale i den gamle Bruksbutikken i Ørsta – bygd i 1860-åra med materiale frå den gamle Vestnes kyrkje frå 1600-talet.

– Bruksbutikken, som no er oppussa, stod då til nedfalls. Vi vart nesten som vaktmeistrar, og fekk ansvaret for å halde lokala nokolunde i stand. Mellom anna måtte vi opp på loftet og tømme nokre bøtter som tok unna lekkasjen frå taket, seier Geir, og legg til:

– Øvingane våre vart som eit gratis fritidstilbod for uorganisert ungdom før ungdomshuset Kaihuset i Ørsta vart starta. Vi øvde kvar einaste dag, sommar som vinter, og det kunne kome frå fire – fem til tjue ungdommar som sat og høyrde på oss. For oss vart det som ei blanding av øving og konsert, og vi fekk massevis av konstruktive tilbakemeldingar, noko vi lærte mykje av.

Les også: Andre suksesshistorier

– 80-talet var ein vits

Som Bob Dylan switcha Woo plutseleg over frå akustisk til elektrisk. Dette skjedde rundt 1996, då trommeslagar Geir Arne Ose byrja i bandet. Barstadvikaren Stig Sandbakk – som til liks med Geir laga låtar – vart også med i bandet. Bandet fekk mange spelejobbar i Ørsta, Volda og Ålesund, noko som finansierte innkjøp av nye instrument, mellom anna mandolin.

– Vi var ikkje berre flinkisar, men prøvde å skape djupne og stemning i musikken vår. Allereie den gongen. Og laga gjerne nokså komplekse songar. Eg hugsar vi såg på 1980-talet – med masse synth og elektriske trommer – som ein vits. Då grønsjen kom, med blant andre Nirvana, hadde vi langt meir sansen. Det var musikk med langt meir slektskap med rocken slik han var før 1980-talet, Led Zeppelin, til dømes, seier Vatne, som på den tida også samarbeidde med Rune Bjørneset, som var klassisk pianist.

– Eg trur vi skapte eit godt ungdomsmiljø på gamle Bruksbutikken. Det hende at publikummarane drakk ein del alkohol, men det vart aldri noko «styr»…

Best i byen

Då vi gjekk inn i det nye tusenåret, fann Woo-gjengen ut at dei ville flytte til Norges rockhovudstad den gongen, Bergen. Bandet bestod då av Geir, Audun Havåg, Stig Sandbakk og Geir Arne Ose.

Og i Bergen let ikkje responsen vente på seg: Allereie etter første konsert fekk dei strålande kritikkar i bergensavisene.

– Forståsegpåarane likte oss veldig godt. Vi vart booka inn til stadig nye konsertar, både i Bergen og resten av landet. Det gjekk litt av seg sjølv. Så slutta Stig for å starte prosjektet «A boy named Sue», medan eg starta det som var tenkt som eit soloprosjekt, «Ninth». Men etter kvart kom dei to andre frå Woo med, og Ninth vart ein trio. Vi sende musikken vår til kapasitetar rundt om i verda, og fekk altså napp hos Andrew Sheps i Los Angeles. Han hadde verkeleg trua, kom til Bergen, høyrde oss, og sov på sofaen min, fortel Geir.

NINTH, 2006: Frå venstre: Bjørn Tore Taranger, Geir Sætre, Audun Havåg, Steinar Hjelmbrekke.
Ninth som band har alltid vore eit «lite kollektiv» av musikarar. I dag er desse musikarane med:
Bjørn Tore Taranger, Audun Havåg, Geir Sætre, Hans Petter Lie-Nielsen, Alexander Hemmingsen og Christer Ottesen.

Vassend-motpol

Så følgde USA-turne, og seinare Kina-turne. Alt låg til rette.

– Strategien var å vente med utgjeving til det var perfekt, trass i at vi hadde haugevis av gode studio-opptak liggjande. Og det var kanskje ei feilvurdering, filosoferer Geir.

– Ja, slik sett er de motpolen til Vassendgutane?

– Haha, ja, eg har jo spelt i band med Arthur Johan Bjørdal også, gitarist, vokalist og låtskrivar i Vassendgutane. Men det er lenge sidan, slår Geir fast.

Han gav etter kvart ut to plater med Ninth-materiale gjennom soloprosjektet «Desert Son», og ser ikkje bort frå at dei mange Woo-opptaka også resulterer i plater.

– For oss er musikken eit korstog. Men vi vil ikkje vere sære eller lage utilgjengelege ting. No er Ninth aktive igjen – det er Havåg og eg og to nye medlemmer frå Bergen. Heile tida har vi stått for det å gjere ting på gamlemåten, lage musikk og spele konsertar…

– Kva syns du om Idol?

– Eigentleg veldig lite. Det er TV-underhaldning, ikkje noko meir. Stemmeprakt i seg sjølv er berre ein liten del av eit stort bilde.

Les også: Chasm i Kina og andre som satsa hardt