Første runde gjekk av stabelen for 11-12 år sidan med mange gode tilbakemeldingar. No blir det ny runde med fleire musikarar og fleire songar.

Konserten vil spenne over dei første 33 åra av Leonard Cohen si musikarkarriere, frå 1968 til 2001, og vil innehalde kjende  songar som Halleluja, Fugl på ein streng, Kjend, blå regnfrakk, Chelsea Hotel #2 og mange fleire. Men også eksempel på  mindre kjende, men ikkje mindre vakre songar, som Alexandra reiser, Din vilje skje og Boogie Street.

Det å få lytte til songane i norsk språkdrakt kan gi ein ekstra dimensjon til opplevinga, og Odd håper det vil verte lettare å ta del i det bilderike poetiske universet til lyrikaren Cohen.

Lyden av songaren Cohen er det likevel uråd å kopiere, men som erstattarar til Cohen sjølv og «the sublime Webb Sisters» frå 2000-talet sine konsertar, stiller desse opp:

Vokal: Gunn Marthe Pieroth, Arnhild Bjerkvik, Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr
Tangentar: Peter Demirov
Gitar: Kåre Skare Lystad og Tormod Engen
Bass: Jan Thormodsæter
Slagverk/perkusjon: Miki Campins
Fele: Leif Arne Nydal