Julemessa på Ishavsmuseet i Brandal har blitt ein tradisjon og er godt innarbeidd. Messa i år er fullteikna med heile 56 utstillarar som er på plass med salsstandar mellom isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og også kring ishavsskuta Aarvak.

–Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny rekordstor julemesse ved Ishavsmuseet. Messa har vorte svært populær, og dessverre var det ikkje plass til alle som ville med i år, fortel nemnda i ei pressemelding, og legg til:

Mat, kunst- og handtverk

Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert.

Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, fleire langvegs frå. Dei byr på mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, vevnadar, glaskunst, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av sel og sau, røykt laks, spekemat, keramikk, akvarellar, varme smultringar og mange andre artiklar. Klosteret av De Heilage Olav og Profeten Elias byd på heilage lys og gode såper. For den som vil sjå alle utstillarane, kan ein vitje Ishavsmuseet si nettside.

Levande museum

–Det er svært viktig for oss å ha eit levande museum, og det er ei stor glede å ha messa her. Vi gler oss til tidenes største julemesse i Brandal, seier dagleg leiar for Ishavsmuseet Webjørn Landmark, og legg til:

–Besøkande har også høve til å sjå seg rundt på museet – som stiller med gratis inngang desse dagane. Og elles byd museet på kvalgryte, bacalao eller kjøtkaker, smårettar, og kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkepause i handelen. I museet si første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.