Av Hild Nordal

Det seier Louis Hodr Røren frå Ulsteinvik, som i midten av desember gir ut si første diktsamling. Til diktboka «Sjå» har han plukka ut 40 av dikta sine, og boka er illustrert med Røren sine eigne teikningar.

­–Eg har alltid likt å lese, og dei siste åra har eg lese mykje poesi. Eg har teikna og måla, og alltid skrive litt for min eigen del. Tankar og refleksjonar har vorte til dikt, og eg har lagt ut somme av dikta mine på Facebook  – og fått gode tilbakemeldingar, seier 59-åringen.

Nære ting

Røren er lærar, tidlegare var han styrar i barnehage, og før det igjen var han rørleggar. Dikta hans handlar om eigne opplevingar og erfaringar, og om hendingar i livet som har prega han.

POET: Eit av dikta i diktsamlinga «Sjå», av Louis Hodr Røren.

–Dikta mine tek utgangspunkt i det som er nært meg. Eg skriv om livet, familie, døden, kjærleiken, eg reflekterer rundt religion, og har til og med skrive nokre juledikt som har vorte tonesette, forklarer han.

59-åringen likar godt rim og rytme, men han har også eksperimentert med meir utradisjonelle former i dikta sine. Diktaren er svært glad i det nynorske språket, men fortel at nokre av dikta har kome til han på bokmål.

ILLUSTRATØR: Louis Hodr Røren har illustrert diktsamlinga si med eigne teikningar.

Kryssar grense

–Å å gå frå å skrive for seg sjølv, til å presentere skriveria for omverda, det er ei lita grense å krysse. Eg er veldig spent på å få sjå den ferdige boka, seier Røren.

Han gir ut boka på eiga hand, og satsar på å distribuere henne gjennom kanalar han sjølv har tilgang til, som Facebook, koret han syng i, og vener og familie.