–Dokkhallen set rammene for ei spektakulær feiring, og showet vert leia av programleiar Thomas Numme,  seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i ei pressemelding.

–Det er allereie kjent at vi har gjort avtale med artistane Sigrid og Madcon. Sigrid kjem frå Ålesund, og songen hennar ‘Don’t kill my vibe’ figurerer på spelelistene over heile verda. Ho er ein artist som vi kjem til å høyre mykje meir frå i åra som kjem.

ARTIST: Sigrid frå Ålesund er ein artist som vi vil høyre mykje om i framtida, men først i dokkhallen.

–Duoen Madcon med Tshawe og Yosef, er ei rappegruppe som starta opp i 1992. Om ikkje før, så fekk dei fleste fekk opp augene for desse artistane under Melodi Grand Prix på Telenor Arena i 2010, då dei stod for pausenummeret ‘Glow’.

–Vi har endå fleire namn på blokka, seier Solheim.

–Cezinando kjem, ein artist mange trur dei ikkje har høyrt om, før dei høyrer songane hans, som vert spelte heile tida i alle kanalar. Ein av desse er låta ‘Håper du har plass’. Tekstane er norske, og Cezinando vart kåra til årets nykomar i 2016.

NYKOMAR: Årest nykomar i fjor, Cezinando er klar for Ulstein-jubileum.

–Andre artistar vi har på plass, er Ulstein mannskor og saksofonisten Webjørn Sæther. Sistnemnde spelte eit spesialkomponert stykke ved opninga av dokkhallen i 2002, medan mannskoret sitt innslag vil gi ein atterklang om tider som var.

Konserten vert supplert med film og andre effektar, og det heile vert losa i hamn av programleiar Thomas Numme, kjend frå ‘Senkveld med Thomas og Harald’ på TV2. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Momentium.

–Konserten er gratis, men vi oppmodar alle om å skaffe seg billett på Tikko. Vi er nøydde til å vite om lag kor mange som kjem, då vi må sette eit tak på talet besøkande nede i dokkhallen, understrekar Solheim, som samstundes nyttar høvet til å ønskje alle vel møtt til konsert den 2. september.