I slutten av juni kjem Cirkus Arnardo til Søre Sunnmøre. Dei blir å finne på grusplassen på Hareid tysdag 20. juni, på Mjølstadneset i Fosnavåg onsdag 21. juni, på utstillingsplassen i Ørsta torsdag 22. juni, og i Volda ved Volda vg. skule fredag 23. juni.

I sin sesong nummer 69 i rekka, skal landets eldste og største sirkus ønske sitt publikum velkomen til ei eiga verd av glede, mystikk og magi, skriv sirkuset i ei pressemelding.

GOD SPRETT: Akrobatene i Truppe Cheban byr på nokon ein ikkje har sett i ein norsk sirkusmanesje før. Sprettringar av det enorme slaget, som sørgjar for saltomortalar, høgdesprett, lengdesprett og stort sett det som er av sprett. Pressefoto.

– Vi ser det kvar dag. Små og store som kjem gjennom vårt inngangsparti med det heilt spesielle blikket. Eit blikk av spenning og forventning. Eit blikk som i all tydelegheit fortel at ein har lagt noko igjen utanfor. Kvardagen, seier sirkusdirektør Arild Arnardo.

Og nok ein sesong har sirkusdirektør Arild Arnardo fylt opp teltet med spanande artistar i verdsklasse. Det blir luftige og grasiøse himmelflukter, frittståande stigebalansering, berømte musikalske klovnar, temposjonglørar, sprettringar som spretter akrobatar i alle retningar, og ein del romantikk.

– Vi står absolutt inne for årets forestilling. Den er både nyskapande og klassisk, og den engasjerer og skapar dei blikka vi elskar å sjå hos vårt publikum. Når vi ser smilande blikk forlate vårt sirkus, ja då er det sjølve livet som smilar til oss, seier Arild Arnardo.